Når kan eg forvente å få Altibox?
Standard leveringstid er mellom 2 til 8 veker.
Det forutsetter at hytta er ferdigmeldt, at det er rør til fiberkabelen og at det ikkje er isdannelse i røret.
Innvendig kablingsarbeid
Heimesentralen blir montert der fiberrøret endar innvendig i hytta, ofte i eller ved sikringsskap. Dersom du ikkje ynskjer at heimesentralen skal vere montert her, kan du få ein elektrikar til å forlenge fiberrøret, eller gjere det sjølv. Oppsett av TV-dekoder er kundens eige ansvar.
Telefiber AS tek ikkje på seg innvendig kablingsarbeid.
Kva er inkludert i kampanjeprisen?
Etableringsprisen dekkjer fiberarbeid fram til hytta og montering av heimesentral med innebygd WiFi.
Må eg vere tilstades?
Nei, du må ikkje vere tilstades. Dersom du ikkje kan vere tilstades når montøren skal installere heimesentralen, er det fint om nøkkelboks eller nøkkel er tilgjengeleg.
Kva betyr ubegrensa internett?
Det er ingen begrensning på datamengda i månaden, slek du for eksempel har i eit mobilabonnement.